Utgift
Utgift er ei betalingsforplikting som oppstår når bedrifta kjøper inn noko til drifta.
Kostnad
Kostnad oppstår når ei bedrift bruker av det som er kjøpt inn.
Avskriving
Bruk av varige driftsmidlar som bygningar, maskinar, varebilar og inventar, fører til slitasje og forelding. Dette verditapet er ein kostnad, og det fører vi som avskriving. Kjøper bedrifta ein varebil til kr 200 000 og han har ei økonomisk levetid på fem år, fører vi opp kr 40 000 som avskriving kvart år i fem år.
Meirverdiavgift
Meirverdiavgift er ein indirekte skatt som blir innkravd ved omsetning av dei fleste varer og ein del tenester. Meirverdiavgifta blir rekna ut som ei avgift på verdiauken i kvart enkelt omsetningsledd, og ho utgjer 25 % av berekningsgrunnlaget.
Arbeidsgivaravgift
I Noreg må alle som betaler ut lønn til tilsette, berekne og betale inn arbeidsgivaravgift til folketrygda. Kor stor avgifta er, er avhengig av kvar i landet bedrifta ligg. Avgifta blir rekna av brutto lønnsutgifter. Ho skal reknast ut og innbetalast til kommunekasserar i seks terminar i året.
Varekjøp på kreditt
Varekjøp på kreditt er når bedrifta kjøper inn varer og utstyr og ikkje betaler kontant, eksempelvis varekjøp per 30 dagar.
Varesal på kreditt
Varesal på kreditt er når bedrifta sel varer og ikkje tek imot betaling kontant, eksempelvis varesal per 20 dagar.